Vikebladet Vestposten

Vikebladet Vestposten kjem ut i Ulsteinvik og dekkjer kommunane Hareid og Ulstein og indre del av Herøy. Vikebladet vart starta i Ulsteinvik i 1929, og slått saman med Vestposten på Hareid i 1989. Namnet vart frå då av Vikebladet Vestposten . Frå år 2000 har vi kome ut med nettavisa vikebladet.no.

Fakta
Samlet opplag 3768
Utgiversted Ulsteinvik
Ansvarlig redaktør Anne Gry Eilertsen (61)
Ulstein, Hareid og indre del av Herøy
Kommer ut Tysdag, torsdag og laurdag
Daglige lesere totalt
13000
Daglige brukere på nett
7000
Daglige brukere på mobil
4000
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3280
  • Redaksjonelle årsverk
  • 5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 46
  • Antall kommentarer
  • 6
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall gjestekommentarer
  • 46
  • Antall leserinnlegg
  • 353

    Mål og prioriteringar

    Vikebladet Vestposten og vikebladet.no skal vere dei viktigaste kanalane på formidling av nyhende og historier for alle som bur i Hareid og Ulstein. Vi må vere til stades i lokalmiljøet, prioritere både viktige saker frå næringslivet og møte med menneske, unge og eldre. Gode reportasjar der vi kjem nær inn på folk er viktig.

    Vikebladet Vestposten skal vere «lim og lupe» i lokalmiljøet. Folk skal føle at dei må ha avisa for å følgje med på det som skjer av stort og smått.

    Vikebladet.no er den mest brukte nettstaden på Ytre Søre Sunnmøre. For å halde denne posisjonen  må brukarane vite at vikebladet.no er først ute med hendingsnytt og andre saker som folk er interesserte i.

    Frå 5. oktober 2016 innførte vi betalingsløysinga «FOR ABONNENTAR» på vikebladet.no. Vi frykta mange negative reaksjonar, men det verkar som om lesarane har forståing for at vi må ta betalt for journalistikken, også på nett.

    Legg til i min rapport

    Avisa si samfunnsrolle

    Blant sakene som har fått mykje spalteplass er Hareid kommune si innføring av parkeringsbetaling i Hareid sentrum. Selskapet HAPARK vart oppretta, og dei bestemte seg for å legge parkeringsområdet for dagpendlarar lengst borte frå  ferje- og snøggbåtkaia. «Horribelt av Hapark» var tittelen på framsida av Vikebladet Vestposten. Inne i avisa hadde vi eit to-siders oppslag med dagpendlaren Helge Warholm, som meinte det var diskriminerande at dei som pendla kvar einaste dag fekk den lengste vegen å gå til ferje og snøggbåt. Fleire pendlarar gjekk ut i avisa og målbar det same, og det enda med at styret i HAPARK gjorde vedtak om at dagpendlarane skulle få parkere nærare ferjekaia.

    I desember i fjor skreiv vi om  to redde småbarnsfedre. Vi tok utgangspunkt i ein video som viste ein lastebil som så vidt klarte å svinge unna to skuleborn som var på veg heim til bustadene i Botnen. Fedrene fekk målbere i avisa at dei meiner både Ulstein kommune og Statens vegvesen fråskriv seg ansvaret ved å ikkje gjere noko med den livsfarlege skulevegen til borna deira. Vi intervjua både ordføraren i Ulstein, Statens vegvesen og firmaet som hadde ansvaret for lastebilen, og vi skreiv om fleire andre trafikkfarlege vegstrekningar i Ulstein.

    Skrivinga førte til at småbarnsforeldra i Botnen vart kalla inn til ny samtale med ordføraren, og til ny dialog mellom Ulstein kommune og Statens vegvesen. I mars 2017 skal dei to partane ha møte.

    Etter oppslag i avisa har fartsgrensa på ei vegstrekning i nærleiken av Haddal skule blitt sett ned til 40 km/t. 

    Vikebladet Vestposten sitt dekningsområde er midt i smørauget for den maritime klynga på Nordvestlandet. 2016 var prega av sterk nedgang i oljebransjen, og dette har ført til både permitteringar og nedbemanning i verkstadindustrien og hos offshore-reiarlaga. Dette har sjølvsagt vore noko vi har skrive mykje om. Men vi fekk signal om at folk - midt i den dystre stemninga - vil lese om noko som kan løfte dei litt opp. Vi har derfor prøvd å leite litt ekstra etter dei positive sakene, og har blant anna satsa på å presentere andre typer bedrifter i området vårt som gjer det godt.

    Konsernsjef Gunvor Ulstein orienterer deltakarane på næringslivskonferansen SIKT om drifta ved Ulstein Group då dei gjesta Ulsteinvik ein ettermiddag i oktober

    Topp 10 2016

    1. Lokkar born inn i bilen – 18.883
    2. På privat besøk i Ulsteinvik – 14.163
    3. – Eg blir nesten fortulla – 14.147
    4. Her er årets dyraste bustadar – 13.149
    5. Pizzakjede etablerer seg i Ulsteinvik – 9.103
    6. – Eg vil vere ein god rollemodell – 8.178
    7. Ulsteining vart beste elev – 7.838
    8. Send inn dine sommarbilete – 7.641
    9. Romleir under etablering i Hareidsmyrane – 7.602
    10. – Blei kvitt diabetesen med kvitløk og sprit – 7.568
    Legg til i min rapport

    Svar på spørmål frå stiftelsen

    I ein redaksjon med knappe fem årsverk kan det nokre gonger kjennest som både papir og nett blir skadelidande. Det er ei stor utfordring å ha kapasitet til å lage dei to plattformene ulike. At vi frå oktober 2016 innførte betalingsløysing på vikebladet.no gjer situasjonen litt lettare. Vi føler at abonnentane får meir igjen for pengane. Det er eit mål for oss at vi i løpet av eit døgn skal ha fem saker som har statusen «For abonnentar» på nettet. Utfordringa er å ha tid til å skape dei gode sakene. 

    Vikebladet Vestposten har hittil vore drive etter toleiar-modellen, d.v.s. med både redaktør og dagleg leiar. Frå 1. april 2017 går vi over til eineleiar-modellen. Per i dag veit vi ikkje om ytterlegare nedbemanning. Med tre avisutgåver i veka, pluss ei nettavis med minst 12 oppdateringar i døgnet, og som har som mål å vere den mest brukte på Ytre Søre Sunnmøre, vil det vere ei stor utfordring med nye kutt i redaksjonen. 

    Konkurransen frå sosiale medier har auka. Facebook har tatt over mykje av meldingane om sosiale tildragingar i lokalsamfunnet. Stoff som tidlegare fann sin naturlege plass i lokalavisa, og som verka som eit lim mellom lesarane og innbyggjarane, hamnar no i større grad først på Facebook. Dessutan brukar folk i dag i større grad enn før Facebook som nyhendeportal. Lesarane får dermed ein snevrare informasjon enn om dei brukte nettsida til lokalavisa som startside. Det er også ei utfordring at annonseringa av kulturarrangement og årsmøte har blitt redusert i papir. Arrangørane brukar i større grad enn før Facebook til å fortelje kva som skal skje. 

    Når det dukkar opp kritikk av avisa på Facebook-sida vår, prøver vi å svare. Vi er også medvitne om å svare folk som sender oss spørsmål eller kritikk via mail. Vi har i mindre grad, med nokre få unntak, brukt papiravisa til å forklare publikum dei journalistiske vala våre.

    Ei sak vi har skrive om, og som vi visste ikkje ville falle i god jord hos alle lesarane våre, var rådmannen i Ulstein sitt forslag om å løyve over 121.000 kroner over det kommunale næringsfondet til eit bokprosjekt om «Tindekvindene». Tindekvinnene er kjende for å fotografere seg sjølve i kjole når dei når toppen av eit fjell. Utgjevar var Fantastiske Osberget og i søknaden sin skreiv dei mellom anna at bokprosjektet ville styrke banda og identiteten til naturen og folket som bur i regionen vår, og at dette ville vere god merkevarebygging for Ulstein kommune og regionen.

    I tilknyting til denne saka skreiv vi om ei anna kvinne som nokre år tidlegare hadde fått avslag på søknaden sin om støtte til eit anna lokalt bokprosjekt. Vi skreiv også at leiaren i det kommunale kontrollutvalet hadde fått oppmoding om at utvalet burde sjå på tilrådinga om å støtte bokprosjektet «Tindekvindene».

    Det enda med at Fantastiske Osberget fekk vel 84.000 kroner til bokprosjektet.

    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    Vikebladet Vestposten har ein redaksjon samansett av redaktør, tre journalistar i heile stillingar og ein deskjournalist i 80 prosent stilling. Alle medverkar til både papiravis og nettavis.

    Mykje av den journalistfaglege utviklinga handlar om transformasjonen frå papir til nett.  Vi har starta kvar arbeidsdag med eit redaksjonsmøte der vi drøftar kva saker som skal på nett, og kva vinklinga skal vere. Vi går også gjennom det siste avisproduktet for å sjå om der er saker vi kunne gjort betre.

    Sportsjournalist Andreas Steinnes Bjerknes har vore på kurset «Kritisk sportsjournalistikk» hos IJ.

    Journalist Ingvild Aursøy Måseide har delteke på Nynorsk avissenter sitt kurs «Kritisk til makta – når kjeldene byr opp til dans».

    Journalist Ole-Ottar Høgstavoll har ikkje gjennomført kurs i 2016, men han har site i styret for Hauststormen, også som medarrangør.

    Etikk

    Vikebladet Vestposten legg Ver Varsam-plakaten til grunn for det etiske arbeidet i avisa. Avisa vart ikkje innklaga for Pressens faglege utval (PFU) i 2016.

    2016 baud på to saker som var vanskelege å handtere. Den eine handla om 26 einslege mindreårige asylsøkjarar ved eit asylmottak i Ulsteinvik som ikkje fekk møte til undervisning ved Ulstein ungdomsskule. Bakgrunnen for nekten var uromeldingar frå foreldre om seksuell tilnærming og trakassering av jenter ved skulen. Lensmannen fekk også ei skriftleg melding frå ei av jentene om eit par hendingar som skulle etterforskast.

    Avisa opplevde eit stort press frå mange innbyggjarar om å slå saka stort opp, men det var vanskeleg å kome til botnars i kva som var fakta i saka. Vi kunne ikkje basere oss på rykte. Politiet var temmeleg tause, og vi fekk kontakt med berre ei mor som ville uttale seg i saka.

    Vi skreiv to leiarar om denne saka.

    Etterforskinga enda med at saka vart lagt bort. Ikkje fordi statsadvokaten trakk forklaringa til jenta i tvil, men fordi den bevismessige situasjonen var slik at det ikkje fanst godt nok grunnlag for straffeforfølgjing.

    Også kommunereforma og drøftingane om samanslåing av kommunane Ulstein og Hareid skulle vise seg å bli ei vanskeleg sak for Vikebladet Vestposten. Avisa tok ikkje stilling til om kommunane burde slåast saman eller ikkje. Vi var svært opptekne av at både tilhengarane og motstandarane skulle få kome til orde i avisa, men opplevde likevel at enkelte motstandar av samanslåing skulda oss for å vere for samanslåing, medan enkelte som var for kommunesamanslåing skulda oss for å vere imot.

    Anne Gry Eilertsen,

    ansvarleg redaktør

    Legg til i min rapport