Sunnmøringen

Sunnmøringen dekker i hovudsak Stranda, Geiranger, Liabygda Hellesylt/Sunnylven. Dette skjer gjennom papiravisa, som i mange år har kome ut på onsdagar og laurdagar, og gjennom nettavisa. Sunnmøringen er i stadig utvikling. Den 16. mai var det 70 år sidan avisa kom ut første gong på Stranda. Tre dagar seinare fekk lesarane den første ordinære torsdagsutgåva i samband med at avisa endra utgivarfrekvens frå ein til to dagar i veka.

Færre utgåver vil spare kostnader til både distribusjon og trykk, sjølv om avisene no er vesentleg tjukkare enn tidlegare. Endringa gjer det også lettare å gå i djupna med enkelte saker i papiravisa. Samtidig gjer innføring av abonnentsaker (plussaker) på nettet at ein for abonnentane kan gå ut straks med nyhende og andre artiklar som ein tidlegare valde å spare fleire dagar til dei to utgivardagane for papiravisa. Dette medverkar dessutan til at nettavisa blir betre og meir aktuell.

Av andre endringar i avisa, kan det nemnast at nye geometriar (ny layout) blei innført i midten av november. Avisa har blitt ryddigare, og det er fleire variantar av oppslag enn tidlegare.

Frekvensomlegginga, innføring av abonnentartiklar på nett og annonsekampanje for å registrere seg for e-avisa, har bremsa nedgangen i abonnenttalet. Også i 2016 var det vekst i unike brukarar og sidevisningar på nettsida, og flest brukarar er det på mobil.

Mannskapet har vore stabilt med redaktør/dagleg leiar og to journalistar. Avisa kan ikkje drivast tilfredsstillande med færre redaksjonelle medarbeidarar. Både grafisk finpuss og marknadstenester blir utført av faste medarbeidarar i moderavisa Sunnmørsposten. Amedia tar seg av utforming av annonser/annonsesider.

Sunnmøringen blei trykt i ekstra mange eksemplar fire gonger i 2016. Alperittavisa i februar, Sommarmagasinet i juni, Strandadaganeavisa i august og Vintermagasinet i november. Opplaget for desse avisene varierte frå 3.500 til nær 16.000.  

Fakta
Samlet opplag 1674
Utgiversted Stranda
Ansvarlig redaktør Bjørn Arild Hatlem (55)
Stranda
Kommer ut Torsdagar frå 19. mai 2016 (onsdagar og laurdagar før det)
Daglige lesere totalt
0
Daglige brukere på nett
0
Daglige brukere på mobil
0
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 1260
  • Redaksjonelle årsverk
  • 3
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 22
  • Antall kommentarer
  • 5
  • Antall innlegg på nett
  • 10
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 140

    Mål og prioriteringar

    Sunnmøringen skal vere den leiande og uavhengige nyhendeformidlaren på papir og i digitalt format for alle som anten bur i Stranda, eller har anna tilknyting til kommunen.

    Avisa skal vere først og best på heimebane, anten det gjeld viktige nyhende eller andre typar stoff innan politikk, næringsliv, organisasjonsliv og idrett/kultur.

    Vi ønskjer å spegle lokalsamfunnet, byggje identitet og skape engasjement. Avisa skal informere så folk blir klokare, men også underhalde ved å bringe artige og koselege innslag.

    Artiklar som engasjerer barn og unge er sentrale for å skape og halde ved like interesse for både nettavisa og papirutgåva.

    Legg til i min rapport

    Samfunnsrolla

    I eit aktivt samspel med lesarar og lokalsamfunn har avisa ei viktig rolle i demokrati og utvikling lokalt. Samtidig som Sunnmøringen løftar fram mykje positivt, ønskjer avisa å halde fram med å rette eit kritisk og undersøkjande blikk på det som ikkje er så bra.

    Sunnmøringen følgjer tett administrasjonen og politiske organ i kommunen. For ein Robek-kommune er økonomiske disponeringar i fortid, notid og framtid svært viktig å rette lyset på. Det blei i året som gjekk blant anna gjort i samband med kontrollutvalet sin gjennomgang av det mislukka og kostbare forsøket på å byggje cruisekai i Stranda tettstad.

    At avisa pirkar borti handlingar og manglande handlingar frå administrasjonen og politikarar, er det ikkje alltid like populært. Like fullt er det ei sentral og prioritert oppgåve. Sunnmøringen har derfor fleire gonger vore nøydd til å klage på praktiseringa av offentleglova, kommunelova, forvaltningslova. Avisa har ved fleire høve klaga kommunen inn til Fylkesmannen når det gjeld møtelukking og manglande innsyn i dokument. Gledeleg er det då at avisa også har fått fleire gjennomslag for synet sitt.

    Når det gjeld kommunereforma har Sunnmøringen hatt ei sentral rolle i å informere innbyggjarane om alternativ og om interne drøftingar. Kommunen sjølv har hatt omfattande prosessar for administrasjonen og politikarar, men kom svært seint i gong med folkemøte og anna utoverretta informasjon til innbyggjarane. Det same gjeld innbyggarhøyringa om mogleg kommunesamanslåing.

    I dag er  mest kvar innbyggjar «redaktør» på Facebook og kanskje også ein disponerer sin eigen blogg. Både kommunar, bedrifter, organisasjonar og parti har sine eigne informasjonskanalar der dei sjølve får avgjere vinkling og siling av bodskapen. Då er det ei endå viktigare oppgåve for media styrt etter Redaktørplakaten og Ver Varsam-plakaten å nå fram med uavhengig, solid, kritisk og etisk ansvarleg journalistikk. Samtidig trengst det å nå fram pedagogisk til folk, til dømes om skilnaden mellom ei seriøs avis og ein farga blogg.

    Når Sunnmøringen til dømes set søkjelys på inhabilitet eller på feil som er gjort i den kommunale leiinga, blir det gjerne kritisert av folk som støttar den eller dei det gjeld. Tidvis blir vi skulda for å vere Frp-organ som dreg fram kritikk frå opposisjonen. Andre gonger for å vere Sp-avis som støttar posisjonen. Og nokre gonger kan fleire politiske sider gå imot avisa fordi vi omtalar tema ein ikkje vil ha fram.

    Når aktørar gong etter gong let vere å nytte tilbodet om samtidig imøtegåing, eller tilsvar, har ein ingen rett til å hevde at lokalavisa er «talerør» for den motsette sida. Då er det aktørane sjølve som eventuelt let lesarane få eit skeivt inntrykk av saka.

    Sunnmøringen vil halde fram som ei uavhengig avis som kritisk tek opp det som er grunn til å reise spørsmål ved. Nokre gonger går «sparka» i ei retning, andre gonger i ei anna retning. Og avisa kan love å halde fram med å gje sitt bidrag til demokratiet ved sjå til at kommunen følgjer offentleglova, lov om anskaffelser og andre aktuelle lover. 

    Årets mest sette videoer

    Dette har vore mest populært på Sunnmøringen sin YouTube-kanal i 2016.

    1. Kjellen opnar butikk på Stranda 
    1. Bli med gjennom Norangsdalen 
    1. 17.mai-feiring på Stranda 
    1. Helikoptertur frå Stranda til Åknes 
    1. Kronprins Haakon på Strandafjellet 
    1. Videoglimt frå Strandadagane 2016 
    1. Gudsteneste med karnevalsopptog  
    1. Ringstad barnehage i tog med russen 
    1. Brød-rett-hjem UB sin presentasjon  
    1. A.P.S. Lonely spelar "Lilla vackra Anna"

    Årets ti mest leste saker 

    1. Får friarbrev frå Stranda-jente (Martin Vågsæter i Jakten på Kjærligheten)
    2. Opninga av Europris-butikk på Stranda var svært populær, og omfattar sak to til fire. Her er intervju med dei tilsette.
    3. Sunnmøringen si nyhendemelding om at Europris skulle etablerast på Stranda blei ein klar klikkvinnar.
    4. Videoglimt der "Kjellen" opna Europris er sett av mange.
    5. Historien om at hesten "Wimpy" kan ha blitt skada av ein ulv vekte kjensler.
    6. Etter ordførarduellen med Tynset, blei det nok ein gong slått fast at Stranda er Noregs skinkehovudstad.
    7. Denne plasseringa fekk nyhendet om at familien Haldorsen har kjøpt Hotell Geiranger.
    8. Steinar Belsby uttala at arm frå Strynefjellsvegen til Geiranger er ei fantastisk løysing.
    9. Funnet av helleristing på Stranda blei ein klikkvinnar på sommaren.
    10. Resultatet frå innbyggarhøyringa i Stranda om kommunereforma, fekk 10. plassen over mest lesne saker i 2016.
    Legg til i min rapport