Møre-Nytt

Møre-Nytt held til Ørsta, og dekkjer Ørsta og Volda kommunar. Møre-Nytt vart etablert i 1935 med papiravis, og kom med nettavis hausten 2011. Det var ei av dei fyrste betalingsavisene for nett i landet. I mars 2014 avvikla vi ordninga med betalt innhald, og nettavisa vart gratis. I 2016 lanserte vi For abonnentar, ei løysing der vi samla betalt innhald på nettavisa, e-avisa og papiravisa i ei pakke for abonnentane. Vi tok også eit andletslyft av papiravisa mot slutten av året.





Fakta
Samlet opplag 4854
Utgiversted Ørsta
Ansvarlig redaktør Rune Sæbønes (53)
Ørsta og Volda
Kommer ut Tysdag, torsdag og laurdag.
Daglige lesere totalt
11000
Daglige brukere på nett
4000
Daglige brukere på mobil
3000
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3754
  • Redaksjonelle årsverk
  • 5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 50
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 15
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall gjestekommentarer
  • 26
  • Antall leserinnlegg
  • 200

    Mål og prioriteringar

    For Møre-Nytt er det avgjerande viktig å vidareføre den tette lesarkontakten vi har. Det vil mellom anna seie å vere til stades i lokalmiljøet. Samstundes ynskjer vi å vere gode på fleire plattformar. 

    I 2016 var hovudfokuset å stabilisere nettala vi oppnådde året i førevegen, og førebu redaksjon og stab på omlegginga til «For abonnentar» for nettavisa, ei plussløysing. Året vart mykje prega av omstillingar. Mellom anna medførte omlegginga av malsystemet til ein meir effektiv produksjon av papiravisa. 

    2016 var prega av fleire store og viktige lokalpolitiske saker, fyrst og fremst kommunereformen, der Møre-Nytt vektla å presentere dei ymse alternativa før folkerøystinga om kommunesamanslåing på ein sakleg og informativ måte, og sjølvsagt dekkje resultatet tett og nøye. 

    Året var også prega av naturen sine herjingar, og Møre-Nytt var tett på då storflaumen råka bygda Barstadvik, og elva truga med å ta bustadhus.

    Årets åtte mest leste saker

    1. «Kven betalte varene mine?» - 24.921 sidevisingar - 23.324 unike brukarar   
    2. Døydde etter arbeidsulykke - 11.076 sidevisningar - 6.506 unike brukarar    
    3. Asfaltforviklingar i Ørsta - 9.848 sidevisningar - 9.144 unike brukarar  
    4. Erling hjelpte Kirsten - 9.586 sidevisningar - 8.834 unike brukarar
    5. Straumlaust og stengde vegar - 8.023 sidevisningar - 5.877 unike brukarar
    6. Thomas tek Klypa-humoren til nye høgder - 7.055 sidevisningar - 6.433 unike brukarar
    7. Sjå Kjellen danse - 6.931 sidevisningar - 6.094 unike brukarar
    8. Henta person opp av Rotevatnet

     

    Legg til i min rapport

    Samfunnsrolla til avisa

    Møre-Nytt set pris på lesarane, og lesarane set pris på avisa. Det er viktig når Møre-Nytt er tett på saker som trugsmålet om å leggje ned Lånekassa si avdeling i Ørsta, som trugsmålet om å leggje ned meireriet. Avishuset kan presentere alternative «sanningar» andsynes dei som ynskjer eit visst utfall. Det er viktig for Møre-Nytt å fortelje om den store lokale frivillige aktiviteten, om det er hjelpekorpset som bergar to kvinner frå ei fjellhylle ein sein nattetime, om det er einskildpersonar og grupper som står bak dugnader for eit betre sentrum eller dugnader for betre råser som skal kome både lokalbefolkning og tilreisande til gode. 

    Difor var Møre-Nytt også for fyrste gong med på å dele ut pris i 2016. Prisen «Årets eldsjel» er eit samarbeid mellom mediehuset, kommune og private aktørar for å heidre einskildpersonar som har gjort noko ekstra for å fremje tiltak til gode for Ørsta-borgarane i løpet av året som gjekk.

    Legg til i min rapport

    Svar på spørmål frå stiftelsen

    Der Møre-Nytt kan verte betre er på regionale saker, som utvikinga for sjukehus og høgskule. Og alltid er det forbetringsrom for å finne dei gode historiene som fortel om einskildpersonar eller fleire som yter noko ekstra, som har ein særskild lagnad eller som påverkar samfunnet på ein viktig måte. 

    Å arbeide på fleire plattformar er ei utfordring for ein liten redaksjon. Då handlar det om å verte meir effektiv i arbeidet ein gjer, utan at det skal gå utover kvaliteten. Det hadde vore ynskjeleg med meir segregering mellom nett og papir, og utfordringa er å finne metodar og måtar å gjere dette på utan at ambisjonane om volum og kvalitet vert senkte. 

    Møre-Nytt som mediehus er gjennom store omstillingsprosessar. På seks år har avisa gått frå fjortenmedarbeidarar til å vere sju frå 1. juli 2017. Det er særleg på støttefunksjonane det har vorte redusert tal på stillingar. Redaksjon og sal er skjerma. 

    Den store utfordringa framover er at konkurransen ikkje lenger berre kjem frå lokale aktørar, men frå store globale kjemper. Det er ein relativt ny situasjon for eit lite mediehus som Møre-Nytt, og som krev arbeidsinnsats, kunnskapsinnhenting, kompetansebygging og ikkje minst samarbeid med andre mediehus. 

    Møre-Nytt sin store styrke er god lesarkontakt. Mediehuset er ein viktig del av Ørsta-samfunnet. Men den posisjonen er ikkje sjølvsagt. Det er ein posisjon som krev at mediehuset gjer seg fortent til å vere der.

    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    Mykje av den journalistfaglege utviklinga i 2016 gjekk med på å bu seg på nye arbeidsformer i samband med omlegginga til For abonnentar og ny formgjeving av avisa. Journalistar deltok på fellessamlingar som Hauststormen i Bergen.

    Etikk 

    Møre-Nytt hadde ingen klagar for PFU i 2016.

    Rune Sæbønes

    ansvarleg redaktør

    Legg til i min rapport