Fjuken

Lokalavisa Fjuken vart starta som eit folkeeigd aksjeselskap (Skjåk Mediautvikling AS) i 1989. Etter ein trong "fødsel", med mykje prøving og feiling,såg fyrste nummer av lokalavisa dagens ljos 6. april det året. Den ferske Fjuken vart sendt ut til om lag 400 abonnentar, og før året var omme var talet oppe i 1000 ab. Nå er Fjuken inne i sitt 28. år, har sjølveigd avishus, eitt avdelingskontor, gode arbeidstilhøve og stabile medarbeidarar. Med om lag 3700 i opplag har Fjuken svært god dekning i Ottadalen, samt at nær 1600 av abonnentane er utfløtte dølar. For dei er Fjuken svært viktig, som bindeledd til heimbygda og som "brevet frå heime".

 







Fakta
Samlet opplag 3571
Utgiversted Skjåk
Ansvarlig redaktør Hans Erik Kjosbakken (52)
Ottadalen, kommunane Vågå, Lom og Skjåk
Kommer ut Torsdagar
Daglige lesere totalt
0
Daglige brukere på nett
0
Daglige brukere på mobil
0
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 1336
  • Redaksjonelle årsverk
  • 5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 48
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 125

    Mål og prioriteringar

    Fjuken skal framleis vera den mest lesne avisa i dekningsområdet, både på papir og nett. Ei undersøking i fjor synte at vi var større enn for eksempel VG, Nrk og regionavisa GD på nett - i ottadalskommunane.

    Fjuken skal framleis spegle lokalsamfunna, både på godt og vondt. Vi har eit like stort ansvar for å syne fram dei positive sidene ved bygdene våre som dei negative.

    Fjuken skal gjeva lesarane opplevingar dei ikkje får andre stader. Med fleire andre medie i same dekningsområdet, er det konkurranse om å vera fyrst ute med nyheiter. Her meiner vi sjølve at vi er nokså kjappe og er eit nyheitsmedium på nett. Alle sakene er også delt på Facebook, og mykje av trafikken kjem derifrå.

    Nettannonseringa er aukande, og det er å håpe at dette vil halde fram. Samla sett har ikkje 2016 vore eit dårleg annonseår.

    Vi lagar tre magasin i året, i tillegg til store aviser til jul og påske. Magasina blir distribuert til hytteeigarar og elles til alle husstandar i Ottadalen.

    Med eit nytt redaksjonelt system og nye system på abonnement og annonser - og samproduksjon med dei andre «Skjåk-avisene» går vi eit spennande 2017 i møte.

    Rekruttering av nye lesarar blir den største utfordringa, noko som heng nøye saman med innhaldet - at folk finn Fjuken verd å lesa.
    Vi trur ikkje at dei andre redigerte mediene er den største konkurrenten, truleg heller ikkje dei sosiale media - det er kanskje i større grad at folk ikkje les i det heile teke.

    Vi må difor heile tida arbeide for at nettopp Fjuken skal vera verdfull for ottadølane. Det dei får i Fjuken, får dei berre der - og dei berre MÅ ha det.

     

    Legg til i min rapport

    Avisas samfunnsrolle

    Avisa har svært god lesarkontakt, Fjuken er fyrstevalet torsdag når den kjem i postkassene, og vi får mange gode tips og attendemeldingar frå lesarane våre.

    Årets Ottadøl er ein heider vi deler ut saman med Sparebank1 Lom og Skjåk. I år vart heideren ei skuleklasse i Lom til del fordi dei har synt ein medelev stor omsorg og omtanke.
    Dette året har vi mellom anna skrive fleire artiklar om

    • Kommunereformen. I vårt dekningsområde har det vore folkerøystingar om to av kommunane skulle slå seg saman med kvarandre, medan den tredje kommunen var "para" med ein utanfor området vårt.

    • Økonomiske utfordringar for kommunane og konsekvensar av dette.

    • Ny E6 gjennom Gudbrandsdalen og auka bomkostnadar for transportnæringa.

    • Emma og roboten. Om barneskuleeleven som var ein av dei fyrste som fekk hjelp av robot "til å gå på skulen".

    • Saman med Vigga og Opp (på Oppdal) hadde vi ei større sak om frå flytting frå fjellbygdene.

    Årets meste leste saker

    1. Julekalender 2016 - 13.782 visninger
    2. Mann omkom i arbeidsuhell - 11.464 visninger
    3. Eks-vagvær kjøper Klones - 11.025 visninger
    4. Søk etter person - 10.429 visninger
    5. Bildeglimt frå Countryfestivalen - 9.318 visninger
    6. Har seld Klones - 7.980 visninger
    7. Mystisk funn i Skjåk - 7.430 visninger 
    8. 35 år utan førarkort - 6.988 visninger
    9. Eit hus er overtent - 6.360 visninger
    10. Ny butikk i Lom - 6.220
    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg vurdering

    Vi har fellesmøte med jamne mellomrom, der vi evaluerer, har idemyldring og legg planar.
    Vi deltek i dei konkurransene vi måtte ynskje, og er heile tida med på Landslaget for lokalaviser (LLA) si avistevling, der vi kvart år for ei uavhengig evaluering av avisa vår.
    Vi deltek elles på ulike kurs i regi av LLA og andre.

    Etikk

    Vi held den etiske standarden i avisa svært høgt. Det er alltid ei utfordring å vere lokalavis i små samfunn der vi kjenner stort sett dei fleste av dei vi skriv om. Det gjer at vi må vere svært medvetne på det vi skriv, og tenkje  både med hovudet og med hjartet i mange situasjonar.
    Ingen saker til PFU i 2016

    Hans Erik Kjosbakken, ansvarleg redaktør

    Legg til i min rapport