Fjordingen

Fjordingen sin redaksjon har i 2016 bestått av fem faste journalistar i tillegg til ansvarleg redaktør/dagleg leiar som og er skrivande. Alle er fotograferande, og alle har og ansvar for avisa si nettside. 1,9 årsverk typografar fordelt på tre personar står for annonseproduksjon, ferdiggjering av redaksjonelle sider og sending til trykkeri. Avisa gir gjennom året ut fire tematiske ekstraaviser i tillegg til ordinær avis. Avisa har eigen lokalradio, Radio Stryn, som vert driven med om lag eit halvt årsverk.

 

 



Fakta
Samlet opplag 3721
Utgiversted Stryn
Ansvarlig redaktør Bengt Flaten (51)
Stryn og Hornindal
Kommer ut Kjem ut tysdag og fredag
Daglige lesere totalt
10000
Daglige brukere på nett
3000
Daglige brukere på mobil
2000
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 2640
  • Redaksjonelle årsverk
  • 6
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 99
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 780

    Mål og prioriteringar:

    Fjordingen skal vere først ute med dei viktigaste nyhende for og om folk i området vi dekkjer.

    Vi skal ha hovudfokus på nyhende og krydre avisa med dei gode og nære reportasjane.

    Gjennom tekst og gode bilde skal vi gje lesarane i nærområdet til liks med utflytta stryningar og honndøler eit godt speglbilde av kva som skjer på godt og vondt.

    Vi skal vere ein god debatt-arena der folk skal få sleppe til med meiningane sine. Og vi skal ikkje minst vere tilbodstorget der annonsørar og lesarar møtast gjennom tilbod og etterspørsel.

    Papiravisa er hovudproduktet for Fjordingen. Nettavisa vert stadig viktigare og gjer oss i stand til å konkurrere på raske nyhende mellom papirutgåvene. Fjordingen tilbyr og papiravisa i fullverdig elektronisk versjon.

    Radio Stryn er avisa sitt ekstra krydder, litt ekstra smågodt i kvardagen.

    Ti på topp nettsaker 2016

    1. Justin Bieber i Stryn

    2. To alvorlege trafikkulukker samtidig

    3. Det offisielle namnet er klart

    4. Klatra uskadd ut av smadra førarhytte

    5. Mann i 30-åra omkom i ulukka

    6. Buss fann vegen inn uferdig tunnel

    7. Følg med på kjøp og sal der du bur

    8. Stukken med kniv i Stryn

    9. Vest Buss slår seg sjølv konkurs

    10. Norsk Skåla Opp-siger

    Mest sette video

    Filmen om bygginga av heilårsvegen over Strynefjellet (ikke egenprodusert)

    Mest sett, egenprodusert video:

    Første episode av Gudvalds julekalendar

    Legg til i min rapport

    Avisa si samfunnsrolle

    Kommunestruktur 

    Den største politiske saken i Fjordingen sitt dekningsområde siste året har handla om kommunestruktur og delvis regionstruktur. Ved inngangen til 2016 gjekk ordførarane i Stryn, Hornindal, Volda og Ørsta breitt ut for å vurdere samanslåing av alle fire kommunane. Ørsta hoppa raskt av, men fram mot avgjerande vedtak i kommunane reiste ordførarane i Stryn, Hornindal og Volda på felles folkemøte, med det mål å selje inn ein felles kommune over eksisterande fylkesgrense.

    Folkerøysting og innbyggjarundersøking i Stryn gjorde det klart at det store fleirtalet av innbyggjarane sa nei til samanslåing med Volda. Dei fleste i Stryn ønskte samanslåing berre med Hornindal.

    Dermed sat Hornindal att med heile jokeren, der kommuenn kunne velje å så seg saman med anten Volda eller Stryn.

    Kommunestyret valde, trass fleire oppmodingar om folkerøysting, å støtte seg til innbyggjarundersøkinga som viste at dei som hadde svart, var delt på midten i synet om å slå seg saman med Volda ellre Stryn. Med røystene frå Høgre, Ap og Venstre vedtok Hornindal kommunestyre å slå seg saman med Volda. Senterpartiet røysta mot. Dermed vert Stryn ståande åleine, medan Hornindal vert del av Møre og Romsdal.

    I skrivande stund er det mykje som tyder på at Stryn og Hornindal, som er Fjordingens ine to kommunar, vert liggjande i kvar sin region etter  at regjeringa teiknar nytt regionkart. Men dette vert klart først eit godt stykke inn i 2017.

    Kommunedebatten skapte stort engasjement blant innbyggjarane særleg i Hornindal, men og i Stryn. Lesarbrevspaltene var sterkt prega av kommunedebatt i lang tid, både før og etter dei endelege kommunestyrevedtaka.

    Reiseliv

     Turisme og reiseliv er ei stor næring i indre Nordfjord. Det største enkeltståande byggjeprosjektet innan reiseliv i indre Nordfjord nokon gong er i ferd med å bli realisert gjennom gondolbana Hoven Loen med restaurantbygg oppe på fjellet, 1000 m.o.h. og med eit omfattande nettverk av stiar på fjellet som del av prosjektet. Ei satsing som totlat beløper seg til ca 270 millionar kroner skal bidra til å løfte turismen endå mange hakk i indre Nordfjord.

    På tampen av 2016 vart Skålabu, ei sikringshytte ved sidan av Skålatårnet 1848 meter over havet, ferdig. Dette gjer Skåla endå meir attraktiv som heilårs turistmål.

    Helse

    Manglande avklaring mellom helseføretaka gjorde lenge at pasientar frå indre Nordfjord måtte bryte regelverket for å nytte seg av næraste akuttsjukehus som ligg i Volda. Etter at akuttberedskapen vart avvikla ved Nordfjord sjukehus er Førde sentralsjukehus akuttsjukehuset for heile fylket. Men etter opninga av Kvivsvegen i 2012 har Volda sjukehus kome betydeleg nærare. I dag er det 25 minutt køyring mellom Hornindal og Volda, medan køyretida Hornindal-Førde er over to timar. Inntrykket er at Volda sjukehus vert meir akseptert som akuttsjukehus i dei tilfelle avstanden til Førde vert vurdert som for lang, og støyen som var mellom helseføretaka har dermed dempa seg. 

    Avisa som talerør for – og kritisk medspelar til ein positiv utvikling lokalt og regionalt

    Temaene kommunestruktur, helsetilbod over fylkesgrensa og reiselivssatsing er berre tre av mange tema der avisa har teke og tek ei aktiv haldning på leiarplass. Vi utfordrar gjerne maktapparatet opp til statsrådnivå for å påverke politiske prosessar i rett retning for regionen vi er ein del av. Det vil vi halde fram med, for på den måten å ha rolla som lim og lupe i eit lokalsamfunn på grensa mellom to fylke, kanskje også mellom to regionar.

    Legg til i min rapport

    Svar på spørmål frå stiftelsen

    Redaksjonen har integrert nett og papir i det daglege nyheitsarbeidet. Samtlege journalistar leverer på alle plattformar dagleg, og nettutgåva vert brukt bevisst som ein viktig del av tilbodet vi gir særleg til abonnentane våre.  På den måten held vi nyheitstempoet oppe, utan at det går nemneverdig ut over papiravisa.

    Mediehuset starta nedbemanning hausten 2016, med effektuering av sluttpakker frå nyttår 2016/17. Etter nedbemanning vil mediehuset bestå av redaksjon og markedsavdeling. Ei beklageleg, men nødvedig utvikling så lenge konkurransen ikkje minst frå sosiale media tek ein stadig større del av også dei lokale annonseinntektene.

    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    • Fortløpande fokus på å skrive poengtert og informativt, og med gode bilde som illustrerer sakene godt.
    • Fokus på eit moderne nynorsk som samsvarar med folk sin daglegtale.
    • Kritisk journalistikk der avisa set dagsorden.
    • Meiningsberande leiarar som ofte er kritiske, av og til rosande, men som og skal setje dagsorden.
    • Stort og kontinuerleg fokus på forholdet papir/nett, og med endå meir nyheitsfokus på nett etter at avisa reduserte tal papirutgåver frå tre til to i veka.

    Etikk

    • Avisa har sterkt fokus på etikk og er bevisst på same norm og etiske standard både i papiravis og på nett.

     Bengt Flaten, ansvarleg redaktør

    Legg til i min rapport