Fjordenes Tidende

Fjordenes Tidende var 106 år i 2016. Lokalavisa som dekker delvis fem kommunar i ytre Nordfjord, Vågsøy, Selje, Bremanger, Eid og Vanylven, har ein veldig sterk posisjon både på papir og på nett. I mai 2015 endra vi frekvens på papirutgåva/e-avisa frå tre til to dagar i veka, og gjorde ein del grep for å å få endå sterkare digitalt fokus. Samstundes endra vi innhaldet i papiravisa til å gå bak nyheitene og til meir reportasjar og personsaker.2016 var det første heile året med to aviser i veka. Sjølv om dette var ei stor og omfattande endring både for oss internt i avisa og for lesarar og annonsørar, er oppfatninga at endringa har vore totalt sett positiv.

 

 

 

 



Fakta
Samlet opplag 4403
Utgiversted Måløy i Sogn og Fjordane
Ansvarlig redaktør Eling Wåge (58)
Vågsøy, Bremanger, Selje, Eid og Vanylven i ytre Nordfjord i Sogn og Fjordane
Kommer ut Tysdag og fredag.
Daglige lesere totalt
12000
Daglige brukere på nett
4000
Daglige brukere på mobil
3000
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3400
  • Redaksjonelle årsverk
  • 6
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 101
  • Antall kommentarer
  • 10
  • Antall innlegg på nett
  • 200
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall gjestekommentarer
  • 40
  • Antall leserinnlegg
  • 350

    Mål og prioriteringar

    Fjordenes Tidende skal vere den viktigaste kanalen på formidling av historier og nyheiter på papir, nett og andre plattformer for alle som bur i eller som er knytt til ytre Nordfjord. Vi skal vere tydelege på prioriteringar av kva vi meiner er viktige og mindre viktige saker. Vi skal følgje folk i denne regionen frå vogge til grav.
    Vi skal vere til å stole på, nær, fri og uavhengig og aktuelle. Vi skal skape engasjement
    Vi skal vere den viktigaste formidlar av nyheiter og historier om det som skjer og personar som har hjarta sitt i denne regionen.

    Saker som har prega våre spalter i 2016:

    Endringar i næringsstruktur: Endringar i næringsstruktur og næringsliv i regionen har vore viktige saker også i 2016. Mange bedrifter er inne i store omstillingsprosessar, og det har ført til mange nye bedrifter samstundes som tradisjonelle bedrifter har blitt lagt ned. Mange kommunar slit med dårleg kommuneøkonomi på grunn av auka kostnader, og auka krav til kvalitet på offentlege tenester og offentlege tilbod. Det har ført til stort folkeleg engasjement og debatt i spaltene både på nett og print om kva tilbod kommunane skal levere. Det har vore spesielt mange saker og debattar rundt skulestruktur og kvalitet i skulen.

    Mykje veir: 2016 vil gå inn i historia som eit år då det vart meldt om mange orkanar og vindfulle døgn. Kraftig vind skapte problem for trafikken. Båtruter og ferjer vart innstilt. Bruer var stengde og folk blei isolerte i lange periodar.  Den kraftigaste orkanen var Tor i slutten av januar. Kraftig vind gjorde store øydeleggingar. Heldigvis vart ingen personar skadde. Men det har vore fleire andre orkanar, døgn med store nedbørsmengder og ekstremt høg flo og store bølgjer som har skapt problem både på sjø og land.

    Organisering av helsevesenet: Organisering av helsevesenet i samband med nedbygging av Nordfjord sjukehus har også dette året vore sentral. Det har vore store debattar rundt tilbodet ved Volda sjukehus som har vorte viktig for mange brukarar i Nordfjord etter at Nordfjord sjukehus fekk endra sine oppgåver. Det same har debatten rundt kvaliteten på alle typar helsetenester vore. Mellom anna har det vore debatt rundt organisering av ambulanse-stasjonering og organisering av lokale legevaktordningar.

    Endring av kommunegrenser: i 2016 har det vore eit uvanleg stort engasjement rundt endring av kommunegrenser, kommunesamanslåing og endring av fylkesgrenser. Dette har skapt uvanleg stort engasjement. Mange kommunar har snakka saman og laga intensjonsavtalar. Det har vore debattar rundt organisering av kommunale tenester, kven skal gjere kva, kvar dei ulike funksjonane skal vere lokalisert og ikkje minst kva dei nye kommunane skal heite. I fleire kommunar har det vore arrangert folkerøystingar. Vi har vore på folkemøter og dekka folkerøystingane. Vi har vore på mange fellesmøter med kommunane, og i spaltane våre har uvanleg mange, både politikarar og vanlege folk, hatt sterke meiningar og ytra seg flittig om ulike alternativ som har vore utarbeidd. Fylkesmannen føreslo å slå saman to kommunar, Vågsøy og Selje, med tvang. Det førte også til stort engasjement. Det har vore mange kommentarar på Facebook-sida vår.

    Endring av politidistrikt: Endring av politidistrikt og lensmannskontor har vore mykje omtalt både på nett og papir. Selje mista sitt lensmannskontor medan Bremanger, som også var utsett, fekk behalde kontoret sitt.

    Samferdsle: Samferdsle med trygge og gode vegar, og gode offentlege kommunikasjonar både på sjø og land har også vore sentrale tema. Debatt rundt bygging av verdas første skipstunnel, Stad skipstunnel, har også i dette året skapt mykje engasjement. Det er også ein stadig debatt om behovet for ny og større ferje og fleire avgangar på ferjesambandet som fram til sommaren 2015 hadde størst vekst i Sogn og Fjordane, sambandet mellom Måløy og Oldeide.
    Det har også vore mykje debatt om ferjetilbod og bussruter. Det har og vore stor debatt og engasjement rundt sjukehusbussen som kvar dag køyrer mellom Nordfjord og sjukehuset i Førde.

    Nytt datasenter i fjell: Eit nytt og spennande næringsprosjekt i vår region er etablering av eit stort datasenter i dei nedlagde Olivin-gruvene i Lefdal i Eid kommune. Dette enorme prosjektet er eit resultat av seks år med planlegging rundt det såkalla Måløy-miljøet. I 2015 vart det bestemt å starte bygging av Lefdal Mine Datacenter. Anleggsarbeidet er vore i full gang i 2016. Innovasjon Norge er inne å delfinansierer, og takka vere god støtte frå lokale bankar så er prosjektet starta. Datasenteret skal opererast og drivast av kundane og bedrifta LocalHost i Måløy. Dette forventar ein vil skape nye arbeidsplassar.

    Verdas først skipstunnel: Stad skipstunnel som er under planlegging blir no prosjektert og prislappen for den 1.800 meter lange tunnelen for skip blir på 2,5 milliardar kroner. Det er antyda byggestart i 2018. dette blir verdas første tunnel for skip som skal opne ei alternativ rute forbi det farefulle Stadhavet.

    Dramatisk hotellbrann: Natt til fredag 25. november i 2016 tok det til å brenne i Selje hotell, hotellet ved storhavet. Naboar oppdaga brannen og varsla om den. Alt tilgjengeleg brannmannskap var raskt ute, og når dei kom så var romfløyen ved det flotte hotellet fullstendig overtent. Fjordenes Tidende var tidleg ute med reportar ved hotellet og vi dekka denne dramatiske brannen tett på nett gjennom heile helga. Vi laga både videoar og nettsaker, og hadde veldig høge besøkstal på nettsida vår. At vi var der med reportar gjorde at vi fekk mange tips om brannen, og vi kunne hjelpe til med å informere folk om kva som skjedde. Ingen personar vart heldigvis skadde. Hotellet var stengd for vinteren og det skulle ikkje ha vore folk på hotellet under brannen. KRIPOS har jobba saman med lokalt politi for å finne årsaka til brannen. Nokre veker etter brannen vart tre av eigarane pågripne av politiet og vart varetektsfengsla mistenkte for å ha tent på eller bidrege til å tenne på hotellet. Det vart varetektsfengsla først i fire veker, og seinare i fire nye veker. Dei tre har gjennom sine advokatar nekta for å ha gjort dette.

    Vanskeleg kommuneøkonomi: I dei fleste kommunane i vår region er det vanskeleg kommune økonomi. Det har ført til store debattar om kvaliteten på kommunale tenester, nedlegging av skular og barnehagar.

    Bygging av ny ungdomsskule: Ei sak som har skapt stort engasjement i Vågsøy kommune er kva som skal skje med den gamle ungdomsskulen i Måløy. Kommunen har fått ei rekke pålegg, og spørsmålet har vore om ein skal byggje ein ny der den ligg i Måløy eller om ein skal renovere denne. Andre har jobba for å få bygd ein ny ungdomsskule på Tennebø. Dette vart ei varm sak i valkampen der det mellom anna vart arrangert fakkeltog, underskriftsaksjonar og mange ytringar både på nett og papir.

    Kulturlivet: Vi er tett på og dekker det meste som skjer av det rike kulturlivet, sport og idrett som er i regionen. Vi er på mange arrangement, og store deler av våre spaltar både på papir og nett er fylt med denne type saker. Mange barn og unge brukar mykje av fritida si på dette.

    Familiebånd på Bryggen Panorama

    Årets ti mest leste saker på nett:

    1. Lensmann med oppfordring til alle foreldre
    2. Politiet tror eierne står bak
    3. Svensk familie har kjøpt hotellet
    4. Tre personer siktet for brannstiftelse
    5. Jeger bekreftet død etter fallulykke
    6. En person er bekreftet omkommet
    7. Vanskeleg jobb for brannvesenet
    8. Endre (17) vil bli skolens nye rektor
    9. Avlyser deler av festivalen
    10. Se de første bildene av hotellet i dagslys

    Eit lite utval reportasjar i Fjordenes Tidende i 2016:

    • Dramatisk hotellbrann i Selje
    • Familiebånd på Bryggen Panorama
    • Sjekket livet i havet
    • Takker hjertestarteren for livet
    • Klatremann fra Vanylven
    • Humøret var medisinen mot kreft
    • Lotetunnelen
    • Den musikalske familien
    • Nattens voktere – vi er med politiet på jobb
    • Orkanen tok tak
    • Reddet båt og mannskap i orkan
    • Tok farvell med ungdomsskolen

     

    Legg til i min rapport

    Avisens samfunnsrolle

    Vi skal formidle det viktigaste som skjer i det offentlege rom, pluss at vi skal la folk som har meiningar om korleis dette samfunnet skal utvikle seg få sleppe til. Vi skal skape engasjement og begeistring, og formidle ein levande debatt om korleis våre lokalsamfunn skal vere og utvikle seg.

    Vi skal sette viktige saker på dagsorden, og vere eit talerøyr for folket. Vi skal vere ei vaktbikkje for det offentlege og formidle viktige ting som blir drøfta og vedteke der. Vi skal også spegle folk si oppfatning av det som blir bestemt.

    Legg til i min rapport

    Svar på spørmål frå stiftelsen

    Første året med endra frekvens og ny publikasjonsstrategi: Fram til 12. mai 2015 kom Fjordenes Tidende ut måndag, onsdag og fredag med papir- og e-avis. Etter denne datoen endra vi frekvens og avisa kom ut med papir- og e-avis tysdag og fredag. Samstundes så innførte vi pluss-løysing på nett. 2016 var det første heile året der vi laga to papir/e-aviser i veka.E-avisa er tilgjngeleg klokka 21.00 kvelden før den kjem ut. I januar 2016 auka vi talet på saker som er pluss og som kan lesast av dei som har digitalt abonnement. Etter denne datoen har rundt 65 prosent av nettsakene vore under PLUSS. Vi ser at dette gir litt mindre trafikk, men det positive er at vi får fleire digitale abonnentar. Vi publiserer også sakene våre på sosiale kanalar som Facebook og Twitter.

    Vi har også etablert eit eige Fjordenes Tidende Ung-abonnement for dei under 33 år. Dette er eit sterkt rabattert digitalt abonnement for å lokke med unge lesarar.

    Etter denne omlegginga i mai 2015 har vi lagt ut fleire saker på nett.

    Vi endra layout på papiravisa og innførte fleire nye faste element i samband med omlegginga.

    Vi har også satsa meir på tema og personlege reportasjar der vi går djupare inn i ulike tema. I rapporten legg eg ved nokre eksempel på det.

    Vi lova lesarane våre å lage like mykje journalistikk etter omlegginga. Og det heldt vi i 2016. Vi har laga same sidetal på papiravisa med to dagar i veka som med tre dagar. Og vi har laga fleire nettsaker per dag.

    Responsen etter omlegginga har stort sett vore positiv. Vi brukte mykje tid på å informere om endringane i forkant. Og sjølv om vi misser abonnentar, så har fråfallet flata ut med endringane.

    Alt i alt har den nye drifta sett seg og det ser ut for at både abonnentar og annonsørar er fornøgde med journalistikken vår.

    Utviklinga frå papir til nett: Sjølv om vi har vorte meir digitale, fleire saker på nett og raskare ut når det skjer, så trur vi at vi klarer å ha eit godt samspel mellom nett og papir. Og uansett om vi blir meir digitale så er det vårt inntrykk at papiravisa som kjem i postkassa betyr enorm mykje folk i alle aldrar. Skal ei sak vere skikkeleg omtala i våre spaltar, så skal den ha vore i papiravisa. Vi ser og at vi har ikkje så mange reine digitalabonnentar. Folk vil ha papiravisa inn på kjøkkenet. Det er ikkje nok med berre ei sak på nett. Samstundes ser vi at nettet er ein viktig arena der vi får vise fram sakene våre og journalistikken vår, og er ein viktig marknadsføringsarena for innhaldet vi leverer. Vi ser også at videoar opnar mange nye mulegheiter og nye formidlingsformer.

    Bemanning: I 2016 var det ikkje endringar i den redaksjonelle staben. Heller tvert imot. Vi har brukt mange frilansarar til ulike prosjekt og oppgåver, og sjølv om vi endra frekvens så vi levert like mykje journalistikk i 2016 som i 22015. Eg er heldig og er redaktør i ei avis med svært dyktige journalistar som legg si ære i å formidle korrekt og balansert journalistikk. Vi samarbeider godt og inspirerer kvarandre til å lage det vi trur er ei godt lokalavis.

    Kva kunne vi gjort annleis: Det er sikkert mykje. Vi kunne sikkert ha brukt fleire og andre kjelder. Utfordringa ofte er når vi har korte fristar er å bruke nok tid på å finne nye kjelder og få desse til å stå fram. Vi kunne som eksempel ønskt fleire kvinner som kjelder. Den største feilen vi gjer er alle dei tipsa vi ikkje får sjekka grundig nok og alle dei sakene vi kunne ha laga som vi ikkje har gjort fordi vi har avgrensa ressursar. Vi klarer ikkje å vere alle stadar alltid, og gjere alt vi skulle ønskt vi skulle klare, stilt dei kritiske spørsmåla og jakta på dei djupe svara.

    Det skrivne ordet er sterkt, og ein feil som vi gjer i papiravisa er ikkje lett å rette opp. Ei retting i neste utgåve kan ikkje endre det som stod i den opprinnelege artikkelen. Vil beklage ulemper det har påført dei som har blitt utsett for våre feil.

    Konkurranse frå sosiale media: Den merkar vi svært godt. Dei fleste bydelar og bygdelag har etablert sine eigne sider på Facebook som fungerer som reklamekanal og oppslagstavle. Folk deler nyheiter og diskuterer store og små hendingar. Ja mykje av journalistikk og våre nyheiter er grunnlag for debattar der. Folk er raskt ute å deler hendingar og meiningar, gjerne raskare enn det vi klarer.

    Kommunikasjon med lesarane: Sosiale media er flott arena å kommunisere med folk i distriktet på. Dette er ein viktig tipsbase som er utgangspunkt for journalistikken vår. På sosiale media er det ofte debattar om lokalavisa, og vi prøver så godt vi kan å forklare våre val og prioriteringar.

    Legg til i min rapport

    Journalistfaglig utvikling

    Vi har hatt interne kurs og utviklingsmøte. Vi evaluerer kontinuerleg vårt eige produkt, vinkling og val av kjelder. Vi har sterkt fokus på val og bruk av kjelder vi brukar og vinkel på sakene.

    Vi har hatt stort fokus på at papir og nett skal bli ulike og unike, og at dei to plattformene kan utfylle kvarandre og ikkje konkurrere mot kvarandre.

    Etikk

    Vi har stort fokus på å følgje Vær Varsam-plakaten. Vi har opna for debatt via Facebook på 50 prosent av sakene vi publiserer på nett og opplever at når den som ytrar seg er kjent så blir det stort sett ein ryddig og konstruktiv debatt. Kommentarane er stort sett saklege og ryddige, og er viktige for ¨påverke samfunnsutviklinga.

    Erling Wåge

    Ansvarleg redaktør

    Legg til i min rapport