Fjordabladet

I juni 1874 kom Fjordenes Blad, seinare Fjordabladet (1920), ut med sitt første nummer. Fjordabladet er den eldste avisa i Sogn og Fjordane. Avisa har heilt sidan den kom ut med første utgåve, bortsett frå ein periode under andre verdskrig (1941 til 1945), kome ut.

Fakta
Samlet opplag 2436
Utgiversted Nordfjordeid
Ansvarlig redaktør Odd Tormod Flatebø (65)
Eid (primærekommune), Vågsøy, Selje, Hornindal og Bremanger
Kommer ut Tysdag og fredag
Daglige lesere totalt
0
Daglige brukere på nett
0
Daglige brukere på mobil
0
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 6450
  • Redaksjonelle årsverk
  • 5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 113
  • Antall kommentarer
  • 12
  • Antall innlegg på nett
  • 10
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall gjestekommentarer
  • 2
  • Antall leserinnlegg
  • 486

    Mål og prioriteringer

    2016 har vore eit hektisk og krevjande år for alle tilsette i Fjordabladet. Etter at avisa fekk ny majoritetseigar sommaren 2015, låg det i korta at det ville bli ei etappevis, og total omlegging av drifta av Fjordabladet.

    I april 2016 vart dei økonomiske og administrative systema lagt om. Styret i avishuset vedtok tidleg på året å endre frekvens frå tre til to gonger i veka. Frekvensendringa vart gjennomført den 24. mai 2016. Blant tilsette var det knytt spenning til korleis endringa i frekvens ville bli møtt av annonsørar og abonnentar. Etter kort tid kunne Fjordabladet slå fast at endringa i all hovudsak hadde blitt positivt mottatt av både abonnentar og annonsørar. Ein grunn til det hadde truleg samanheng med omfattande informasjon i framkant av frekvensendringa. Dei aller fleste  oppfatta det nok som om dei fekk like mykje lokal journalistikk, på alle plattformer, som det dei hadde fått tidlegare. Skilnaden var at dei no fekk det to gonger i veka på papir og eavis, samt meir omfattande oppdatering av nyheitssaker på fjordabladet.no. 

    Dei største skeptikarane spådde at Fjordabladet ville miste abonnentar, og kanskje også annonsørar, i samband med frekvensendringa. Det er gledeleg å konstatere at det var det motsette som skjedde. I løpet av hausten 2016 hadde avisa på det meste rundt hundre fleire abonnentar, enn den hadde før frekvensendringa. Ved utgangen av året kunne vi også konstatere at annonseinntektene , som var identisk med lokale annonseinntekter i 2015, var rundt åtte prosent høgare i 2016 enn året før.

    Legg til i min rapport

    Avisens samfunnsrolle

    Redaksjonelt var ambisjonen og målsettinga å gjennomføre systemendringar på ein minst smertefull måte. I tillegg var fokuset å lage eit betre redaksjonelt produkt enn tidlegare. Om ein har lukkast med det må andre bedømme. Trass i svært omfattande endringar har avisa, etter vårt syn, greidd å halde fokus på samfunnsoppgåva, både i forhold til å sette dagsorden, bringe fram gode saker og oppretthalde ein god dialog med lesarane. Fjordabladet har på mange område greidd å vere ein kritisk medspelar, samstundes som ein har vore ein viktig aktør i den store oppgåva det er å skape positivitet og utvikling lokalt.

    Den største saka

    Ei av dei største sakene i 2016 har vore spørsmål om kommunesamanslåing. Politikarane Eid og Gloppen kommunar underteikna i februar intensjonsavtale om å slå seg saman til ein kommune i 2020. Den 30 mai vart det halde folkerøysting over avtalen i dei to kommunane. Eit stort feiltal av dei røysteføre i Eid sa ja til å slå seg saman med Gloppen, medan eit lite fleirtal av dei røysteføre i Gloppen sa nei. Med det resultatet var ideen om ein storkommune i Midtre Nordfjord lagt død for lang tid framover.

    Prisar

    Fjordabladet og tilsette i avisa har ikkje motteke prisar i 2016.

    Legg til i min rapport

    Etikk

    Fjordabladet har heller ikkje hatt PFU-saker i året vi har bak oss. 

    Legg til i min rapport

    Journalistfaglig utvikling

    Fagleg utvikling har i all hovudsak vore knytt til omlegging av produksjonssystem gjennom heile 2016.

    Tormod Flatebø, redaktør

    Legg til i min rapport